Startside for Norsk nettskole

Globalnytt 51
Skoleavis for Norsk nettskole

 


Foreldre

 

Første side
Mat
Gåter
Humor
Testen
Lederen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser
Fellesforum

Klasserom

 5 6 7
8 9 10

 
Brev til Globalnytt frå Bolivia.

Denne gongen kjem "foreldrebrevet " frå Sucre i Bolivia. Sucre er hovudstaden i Bolivia, i alle fall i namnet, sjølv om La Paz er det i"gavnet". 

Sucre 

Byen er gammal, vart grunnlagt alt i 1538. Byen vaks fram for at spanjolane kunne ha kontroll over alt sølvet dei tok ut frå fjellet i
Potosi. 

Universitet fekk byen så tidleg som i 1624, og det var her dei første tankane om frigjering frå Spania kom. Så har då og landet fått
namnet frå fridomshelten Simon Bolivar.

Om Bolivia

Bolivia ligg midt i Sør Amerika, mot Braslil er der store jungelområder, dei går over i den delen me kallar "dalane", for så å koma opp på høgsletta på 3800 m.o.havet. 

Bolivia deler Titicacasjøen med Peru, men har ikkje tilgang til havet. Havet mista dei til Chile for 120 år sidan, noko dei framleis reklamerer på i internasjonale fora.

NLM

I 1978 kom me til Bolivia første gong , året etter at Norsk Luthersk Misjonssamband hadde starta opp arbeid her i landet. Vår familie har det meste av tida budd på landsbygda, i ein landsby som heiter Acacio. 

Klinikk og evangelisk arbeid

Då me kom dit, var komunikasjonane dårlege, og helsestellet var det smått med. Misjonen starta opp med ein klinikk i tillegg til evangelisk arbeid. For å gjera ei lang historie kort, kan me nå etter 20 år sjå tilbake på ei veldig interessant tid. 

Mykje har forandra seg etter kvart: Kyrkjer og kristne forsamlingar har vakse fram i mange bygder og landsbyar, og arbeidet på
klinikken har vore i kraftig utvikling desse åra. 

Kommunen overtok klinikk 

Eit viktig mål vart nådd sist veke då kommunen tok overdrifta av klinikken, den er nå godt utstyrt, og det er kome bolivianarar i alle stillingane. 

Mannen min, Kjell, reiste og var med på overrekkinga, der han hadde ei historisk oversikt, sidan det var me som starta opp med bygginga av klinikken i 1981. I helsinga si sa Ordføraren at nå hadde han jammen fått kjenna på kroppen at det var godt å ha ein klinikk i området, han vart svært sjuk for ein månad sidan, og det
var så vidt dei klarte redda livet hans.

Bibelskulesenter

Ein gong før har me budd her i Sucre, frå 1988-92. Me arbeider her på eit bibelskulesenter, har kurs ein månad om gongen, det er for dyrt å gå eit heilt år i strekk. Men systemet er slik at elevane kan koma att mange gonger. I tillegg til bibelskulen, er her og eit treårig teologisk seminar, studentane kjem både frå Peru og Bolivia. 

Nærradio 

På tomta vår står også radioantennen for nærradioen som misjonen driv her i byen. Sist me budde i Sucre var mange ungdomar innom på radioen og fekk seg småjobbar. Det gjorde at mange av dei fekk interesse for radioarbeid. 

Seinare har dei har studert kommunikasjon på Universitetet, nå er dei ferdig utdanna og driv radiostasjonen sjølv.

Den norske skulen i Bolivia

Den Norske skulen i Bolivia har tre avdelingar. Den største avdelinga ligg i Cochabamba, i år har dei 12 elevar frå 1. til 10. klasse. I Tinguipaya har me ein avdeling med tre elevar, og her i Sucre fire, dei er fordelt på fjerde til sjuande klasse.

Eit par gonger i semesteret har me fellesperiode der alle samlast på skulen i Cochabamba. Frå august 99 er dei tre eldste elevane i Sucre knytta opp mot Norsk Nettskule. Så langt er me godt
fornøgde med det. Det lettar arbeidet for læraren her, for sjølv om det er bare fire elevar, så er det og fire klassetrinn som skal ha kvar sitt.

Julefeiring

Jula nærmar seg, og for oss vil det seie at familien vil vera samla i tre veker, det gler me oss veldig til. Dei to eldste borna studerer i Norge, ei av jentene går på ungdomsskulen i Cochabamba, og dei to minste går på skulen her i Sucre. 

Sidan dei alle er "bolivianarar", dvs. fødde her i landet, føler dei seg nokså sterkt knytte til Bolivia, og synest dei det er veldig kjekt å koma hit- og vera her på nytt!

Til sist ynskjer me dykk alle ei god jul og eit godt nytt år her frå
Andesfjella!

Beste helsing Gunvor og Kjell Aardal!

Meir stoff om NLM i Bolivia finn du her.

Kart over Bolivia.

 

Til toppen av sida