Startside for Norsk nettskole

Globalnytt 7
Skoleavis for Norsk nettskole

 


Lederen

 

Første side
Mat
Gåter
Humor
Lederen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser
Fellesforum

Klasserom

 5 6 7
8 9 10
Til toppen av sida  

Fjernundervisning for utkantskular

Av Helge Standal, prosjektkoordinator

Norsk nettskole har i snart 2 år gjort forsøk med fjernundervisning over Internett. Sjølv om største målgruppa er norske grunnskuleelevar i utlandet, er elevar i utkantskular ei viktig gruppe i forsøket.

Skjervøy skole i Yttervåg, Osen kommune i Sør-Trøndelag, har med 4 elevar i nettundervisninga. Desse elevane er aleine på sine klassetrinn på den lokale skulen. Gjennom Norsk nettskole får dei kontakt med andre elevar på klassetrinnet, og fjernundervisning av godt kvalifiserte lærarar i norsk, samfunnsfag og KRL.

Undervisninga er bygd opp slik:

Ein lærar i ei ordinær norsk skuleklasse er engasjert som nettlærar, klassen hans fungerer som vertsklasse i nettundervisninga. Nettlæraren legg ut vekeplanar på internettsider og sender e-post til alle nettelevane. Nettelevane får same oppgåver som vertsklassen og ein frist på ei veke på å sende inn svar på oppgåvene gjennom e-post til nettlæraren. Nettelevane bør sjekke e-post og nettsider ca to-tre gongar pr veke. Nettelevane kan opphalde seg kvar som helst i verda, like gjerne på ein utkantskule i Norge som på ein misjonsstasjon i jungelen. Grunna alt rettingsarbeidet har vi førebels sett ei grense på 10 nettelevar pr nettlærar. Han har jo si eiga klasse i tillegg. Den skriftlege tilbakemeldinga til kvar einskild nettelev er det mest tidkrevande for nettlæraren, og dermed største kostnadsfaktoren.

Asynkron undervisning

Lærar og nettelev treng ikkje å vere aktive i læringsprosessen samstundes. Dette reduserer stress, og gir stor fleksibilitet. Netteleven kan gjere skulearbeidet på skulen sin eller heime (sjølvsagt krevst datamaskin med Internettilkobling) når det høver for han.

Internett som læringsmiljø

Utfordringa i opplegget er å tilrettelegge Internett som læringsmiljø for barn i alderen 10 -15 år. I tillegg til bruk av e-post med vedlegg, vert nettet brukt til diskusjonsforum/oppslagstavler, praterom (chat), elevpresentasjonar, vekeplanar, årsplanar og fagressursar. Alt dette har generelt passordvern for elevane. I tillegg har vi elektroniske arbeidsbøker med individuelt passordvern. Skuleavisa og nettbiblioteket ligg som opne nettsider (utan passordvern). Dette er verdifulle læringsressursar også for andre skular.

Skjerm erstatte menneske?

Datamaskiner skal takast i bruk i alle fag i skulen. Ei viss tid ved skjermen må alle elevar i norsk grunnskule rekne med. I Norsk nettskole kan tida ved skjermen brukast til å ha kontakt med ein pedagog og medelevar rundt i heile verda. Vi strukturerer Internett slik at elevane nyttar norske nettkjelder laga for sine alderstrinn. Det er nettopp dette som er utfordringa for barn som skal ta i bruk Internett. Korleis orientere seg i den enorme informasjonsflaumen?

Gevinst på utkantskulen?

Ein liten utkantskule kan velje å la det meste av skriftlege emne skje gjennom nettundervisning. Praktisk-estetiske fag og emne bør lokal lærar ta seg av, skriftlege tema kan overlatast til godt kvalifiserte "nettpedagogar". Slik kan utkantskular løyse nokre av problema med ufaglærte lærarar.

Nettlærarar frå utkantskular

Godt utdanna lærarar på utkantskular kan også fylle opp stillingane sine ved å arbeide som nettlærarar. Det er ein føremun at dei kan dekke fleire fag, slik at kvar nettelev unngår for mange lærarar.

Sentrale mål i KUFs plan for IKT i utdanninga 2000-2003.

Norsk nettskole si nettundervisning har fullt samsvar med KUF sine mål for IKT dei komande åra.

"IKT er et sentralt virkemiddel - sammen med andre tiltak og strategier. IKT i utdanningen skal bidra til

  • allmenn tilgang til relevant og ny kunnskap
  • like muligheter for kompetanse i og tilgang til IKT, uavhengig av kjønn, bosted og sosiale forhold
  • fleksible og brukertilpassede opplæringstilbud
  • nye samarbeids-, arbeids-, lærings- og vurderingsformer, nasjonalt og internasjonalt

Kan nettundervisning redde utkantskulane frå nedlegging?

Vi trur at utkantskular kan spare inn arbeidskraft ved å legge noko av undervisninga si til nettet. I spørsmålet om skulenedlegging er kostnadsfaktor pr elev eit vesentleg moment for mange lokalpolitikarar.

Difor bør nedleggingstrua utkantskular vurdere nettundervisning i skuledebatten. Når utkantskular (Herøy kommune) gir garanti for at dei ikkje skal koste meir pr elev enn sentrale skular, kan nettundervisning kome inn som ei viktig brikke i budsjettdebatten.