Nettskolens hovedside

Startside 6. klasse

Årsplan i norsk

Norsk i 6. klasse
Mål og hovudmoment i L-97:

Lytte og tale

Elevane skal utvikle evna til å lytte aktivt, og utvikle språket sitt gjennom å bruke det i samtale, samarbeid, diskusjon og framføring. Dei skal få røynsle i å tilpasse språket etter situasjonen og formålet.

Elevane skal møte munnlege tekstar frå ulike kulturar og erfare at det er mangfald og variasjon. Dei skal oppleve drama og teater som uttrykksform, og dei skal kunne bruke ulike medium i arbeid med framføringar.

opp_pi.gif (1037 bytes)Lese og skrive

Elevane skal utvikle varierte lesestrategiar og kunne lese tekstar på bokmål og nynorsk. Dei skal bli kjende med eit breitt utval skjønnlitteratur og sakprosa, som kan gi oppleving og stimulere leseglede, kunnskapstørst og spenningstrong, og kunne bruke idear frå tekstar av ulike forfattarar i si eiga skriving.

Dei skal lese og samtale om eit breitt utval tekstar, også elevtekstar, og lære å utnytte det ulike sjangrar byr på av ulike uttrykksformer. Gjennom si eiga skriving skal dei kunne gi uttrykk for tankar, meiningar og røynsler, og oppleve at dei får tilbakemelding på det dei vil formidle.

Dei skal kunne oppleve at skriving er med på å klargjere tankane, og vinne røynsle med arbeidet frå uklare idear til publisert tekst. Elevane skal ha kjennskap til skriftlege massemedium og utvikle dugleik i å bruke elektroniske medium.

opp_pi.gif (1037 bytes)Kunnskap om språk og kultur

Elevane skal ha ei viss forståing av den rolla språk og tekst spelar i kulturtradisjonen vår. Dei skal utforske korleis det munnlege og skriftlege språket blir brukt og er oppbygd, og slik lære nyttige omgrep for å snakke om språk.

Dei skal utvikle forståing for korleis vi bruker språket i meir offentlege samanhengar. Elevane skal ha noko kjennskap til korleis munnleg og skriftleg språkbruk skil seg frå kvarandre og lære noko om verkemiddel og komposisjon i ulike munnlege og skriftlege sjangrar.

Dei skal kunne bruke skulebibliotek meir sjølvstendig og skal ha noko kunnskap om korleis media kan brukast til å samhandle med andre.

opp_pi.gif (1037 bytes)Lytte og tale

I opplæringa skal elevane

- samtale om eldre barne- eller ungdomslitteratur av forfattarar som til dømes Rasmus Løland, Hans Aanrud og Dikken Zwilgmeyer, og studere person- og miljøskildring

- høyre eventyr, segner og ordtak frå andre land og kulturar, mellom anna den samiske, og fortelje dei til yngre elevar

- forske ut lærestoff, til dømes kunnskap om andre kulturar, gjennom dramafaglege aktivitetar, til dømes mime, kroppsrørsler og rytme

- trekkje ut hovudpunkta i eit fagstoff og leggje det fram som foredrag eller utgreiing i eller utanfor klassen

- lytte til dialektprøver og prøve å plassere dei i ein landsdel. Arbeide med ordtak, faste uttrykk og språklege bilete

- lytte til og sjølv lage eit "radioprogram", til dømes høyrespel, intervju eller reportasje, dramatisere ei forteljing og gjere opptak

opp_pi.gif (1037 bytes)Lese og skrive

I opplæringa skal elevane

-fordjupe seg i lesing av bøker, til dømes leseprosjekt. Lese tekstar av nyare forfattarar på bokmål og nynorsk, noko på dansk og svensk. Bruke leselogg

- skrive forteljing, arbeide med til dømes miljø- og personskildring, konflikt og løysing. Leggje vekt på ordval, nyansar og variasjon i språket. Samarbeide om å lage manus til filmforteljingar

- skrive sakprosatekstar, gjerne knytte til arbeidet i andre fag. Hente aktuell informasjon frå leksikon, oppslagsverk, fagbøker, diagram og bilete. Arbeide med avsnitt og rettskriving i eigne tekstar og få rettleiing etter behov

- lese aviser og sjå på stoffutval. Skrive ut og redigere eit intervju. Lage ei avis som blir publisert på skulen eller i lokalmiljøet, arbeide med overskrifter, bilete og sideutlegging, til dømes ved bruk av tekstbehandling. Eksperimentere med å kombinere tekst og bilete og med å integrere tekst og teikning ved hjelp av elektroniske hjelpemiddel.

- få god røynsle med fasane i arbeidet med tekst frå uklare idear til ferdig produkt. Gi positiv og konstruktiv tilbakemelding

opp_pi.gif (1037 bytes)Kunnskap om språk og kultur

I opplæringa skal elevane

- samle, systematisere og arkivere vitsar, skrøner, historier og vandreforteljingar i lokalmiljøet. Arbeide med munnlege kulturtradisjonar i nokre minoritetsspråk, mellom anna det samiske

- forske ut og diskutere komposisjon og verkemiddel i nokre munnlege sjangrar som foredrag og intervju

- diskutere kriterium for gode tilbakemeldingar på uferdige tekstar

- undersøkje korleis illustrasjonar, figurar, margtekst og liknande utdjupar innhaldet i ein tekst. Sjå på korleis skrifttypar, skriftstorleik og sideutlegging blir brukte til å utheve særleg viktige delar av teksten og underordne andre delar, til dømes overskrifter, ingress og fotnotar

- utforske og diskutere korleis avsnitt fungerer i skriftleg tekst. Arbeide med teiknsetjing, blant anna i forhold til skiljet mellom hovud- og leddsetningar. Undersøkje korleis ulike ordklassar kan brukast til å uttrykkje funksjonar som årsak/verknad og samanlikning/kontrast

opp_pi.gif (1037 bytes)- vurdere innhald og form i eit radioprogram