Samfunnsfag i
6. kl
Mål og hovudmoment i L-97:
HISTORIE
FRÅ DEI ELDSTE TIDENE OG FRAM TIL OM LAG ÅR 1750
Elevane
skal kjenne til liv og virke hos ulike folkegrupper,
ulike samfunnsordningar og forholda mellom samfunn i
tidlegare tider. Dei skal kjenne til viktige hendingar og
personar i landet vårt og verda elles. Elevane skal
utvikle interesse for og glede ved å arbeide med
historie.
GEOGRAFI
OMVERDA VÅR
Elevane
skal lære omverda å kjenne og kunne gjere greie for
ulike landskap, ressursar, næringar og
busetjingsmønster. Elevane skal utvikle kunnskap om
samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetjing
og levevis, og om det nære tilhøvet urfolka har til
naturen. Dei skal kunne reflektere over likskapar og
ulikskapar i den mangfaldige verda vår. Elevane skal
lære å bruke kart og gjerne nytte informasjonsteknologi
der det er til praktisk hjelp.
SAMFUNNSKUNNSKAP
MENNESKET I MØTE MED SAMFUNNET
Elevane
skal utvikle evna til å sjå og reflektere over si rolle
i små samfunn som familie, skule og heimstad. Dei skal
bli fortrulege med og utvikle og vise respekt for
demokrati, ytringsfridom og menneskeverd. Elevane skal
utvikle demokratisk engasjement - evna til å ta eigne
val og til å stå for dei.
HISTORIE
- FRÅ DEI ELDSTE TIDENE OG FRAM TIL OM LAG ÅR 1750
I opplæringa skal elevane
- bruke ulike kjelder for
å lære om dei viktigaste hendingane på vegen mot
samlinga av Noreg til eitt rike. Arbeide med og
utforske samfunnsutviklinga i Noreg og Norden frå
vikingtida fram mot svartedauden, og bli kjende med
personar som til dømes Olav den heilage og kong
Sverre. Orientere seg om liv og virke hos samane i
denne tidsperioden
- bli kjende med
framståande menn og kvinner frå europeisk
mellomalder som til dømes Karl den store,
Gange-Rolv, Frans av Assisi og Jeanne d'Arc. Bli
kjende med levevis, samfunnsordningar, konfliktar og
menneskesyn i denne tida og høyre om til dømes
krosstoga
- arbeide med viktige
oppdagingsreiser og framvoksteren av dei mongolske og
arabiske verdsrika. Bli kjende med personar som til
dømes Marco Polo, Djengis Khan og Muhammed
GEOGRAFI
- OMVERDA VÅR
I opplæringa skal elevane
- øve seg i å bruke kart
for å lokalisere viktige fjellområde, elvar, land
og byar i Norden og andre regionar i Europa. Lage
planar for reiser til ulike europeiske reisemål
- arbeide med landa i
Norden og eit utval land frå andre delar av Europa
med vekt på landskapstypar, ressursar, næringar,
busetjing og levevis
- gjere seg kjende med
korleis produksjon og forbruk fører til forureining
av jord, vatn og luft, og det arbeidet som blir gjort
for å råde bot med forureiningane
SAMFUNNSKUNNSKAP
- MENNESKET I MØTE MED SAMFUNNET
I opplæringa skal elevane
- bli kjende med viktige
institusjonar i demokratiet vårt: dei politiske
partia, Stortinget, regjeringa, Sametinget,
fylkesting, kommunestyre, rettsstell og forsvaret
- samanlikne forholda i
samfunn med og utan ytringsfridom og sjå verdien av
ytringsfridom for einskildmenneske og samfunn. Få
erfaring med frie medium som ein føresetnad for
levande folkestyre, men at medium òg kan manipulere
- lære om ulike former for
internasjonalt samarbeid, slik som arbeidet i Nordisk
råd, Europarådet og EU, og korleis dei verkar på
kvardagen vår
|