globlanytt.jpg (1982 bytes)  Globalnytt 15 - Lederartikkelen       leder.jpg (1581 bytes)

 

Norsk Nettskole

 

Startsida 6. klasse
Startsida 8.kl
Gamle aviser
Globalnytt
15

 

 

Til toppen av sida

Å dele

Å dele - vi har alltid fått vite at det er fint, men kva skal ein dele?


Snop? Leiker? Ting? Det som eg meiner det er mykje viktigare å dele,  er det ein veit, kunnskapane sine.

roar.jpg (6227 bytes)

Roar


Det kan ofte vere freistande å ikkje dele det ein kan med andre. Det å kunne noko som ingen andre kan, er kjekt. Då vil andre beundre ein for at ein kan noko som ingen andre kan - og det er kjekt! Då vert ein god.

Viss det viktigaste for deg er å kunne noko som ingen andre kan, er det rett veg å gå, men ikkje viss du vil bli flink. Det du då må gjere er å dele det du veit med andre. Det er nemleg noko i det at delt kunnskap er dobbel kunnskap!

Det er ikkje få gongar eg har lært noko av ein eller annan eg har lært noko i byrjinga. Det er det som er det fine med å dele kunnskapar - ein slepp å finne ut alt sjølv. Du kan finne ut noko sjølv, og deretter lære det bort til nokon som kan finne ut noko nytt som han kan lære deg.

På fint heiter dette vinn-vinn relasjon. Det tyder at ein er to eller fleire som samarbeider for at begge skal tene på det. Og her er vi ved ei ny kjerne: Det å samarbeide - for det å samarbeide handlar faktisk om det å dele informasjon og kunnskap. Vi i Norsk Nettskole samarbeider mykje.

Vi har alle våre spesialfelt, men vi lærer også heile tida av kvarandre - og kva skjer. Vi vert flinkare og betre i jobben vår - og det trengst. Ikkje fordi vi er dårlege i dag, men fordi vi veit at jobben vår kan gjerast betre - berre vi veit meir.

Og korleis kan vi lære meir - ved å hjelpe kvarandre til å lære.

:-) Roar