|
||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|
Club GazballoonEg var 13-14 år, og Bjørn, bestekameraten min var full av ideear. Ein dag lærte han på skulen at zink og saltsyre skapte hydrogengass når ein miksa det i hop. |
Helge |
||||||||||
Bjørn stakk til apoteket og handla ei flaske med saltsyre og nokre zinkbitar. Så tok han med seg meg, nokre bursdagsballongar, ei tom brusflaske, hyssingstumpar og dei innkjøpte remedia opp til "melkehuset" på øvre Golan. Eg hadde med nokre bittesmå maskinskrivne papirlappar innpakka i plast. På dei stod det: Please return to Club gazballoon Address: Lindevegen 8, Røyslida, Volda, Norway Bjørn gjorde klar bursdagsballongane og stilte opp den tomme brusflaska, helte ein liten dæsj med saltsyre på botnen og slapp ein zinkbit til botnen. Eg kan enno hugse den stramme lukta då Bjørn var lynkjapp og tredde ein ballong over flasketuten. Ballongen vart fort oppfyld, og vi knytte hyssing med papirlappen stramt rundt opninga. Då Bjørn slapp ballong-mailen, var han så konsentrert at han skalv på høgrehanda. "Det må vere akkurat passe med gass, ellers fer den for høgt og sprekk" sa Bjørn. Vi fikk til værs et par mailar til før klubbmedlemane rusla heim. Det gikk nokre veker. Ein dag fikk eg brev i posten. Ein revejeger på Eidsvoll hadde funne lappen og den sprukne ballongen. Ei stor oppleving! Ballongen hadde tålt ferda over Jotunheimen, og vi hadde fått ein gammal revejeger til brevkamerat. Det gikk nokre veker til. Eg fikk eit brev til i posten. Frå Danmark! Jylland! Ein danske hadde snubla over ballongbrevet vårt, og svarte på utanlandsk. Ein ny brevkamerat! International pen-friend! Kjempeartig! Det gikk nokre år, meir enn 30. Kvar dag får eg brev i e-post-lesaren. Massevis av e-brev. Frå Malaysia, Namibia, Ecuador, Øksfjord, Hedalen, Athen, Azerbaijan, Mexico og Mongolia. Stadig nye brevkameratar! Like kjekt som på øvre Golan i gamle dagar. Men no treng vi ikkje zink og saltsyre, det er nok å klikke med musetasten for å få breva ut i verda. Frå Club Gazballoon til Norsk nettskole er det ein sterk parallell: Idear og kreativitet fører til utvida horisont og spennande kontakt mellom menneske!
|
||||||||||||