Startside for Norsk nettskole

Globalnytt 25
Skoleavis for Norsk nettskole

 


Lederen

 

Første side
Mat
Gåter
Humor
Testen
Lederen
Foreldre
Dermed basta
Gamle aviser
Fellesforum

Klasserom

5 6 7
8 9 10
Til toppen av sida   

Hei!

No er første skuleåret i Norsk Nettskole slutt. Det har vore kjempespennande å vere med på.

Ein skule med elevar over heile verda er heilt spesiell!

 

Ståle


Både timar og frikvarter blir nok annaleis enn i ein "vanleg" skule.
Ferien blir kanskje også litt annaleis. Helge skal sikkert klatre i fjell (kan du begripe kva det skal vere godt for). Arne skal plukke molter og Julie skal berre slappe av på Sørlandet.

Det er forresten ikkje heilt sant, for alle skal ein tur hit til Volda for å snakke om neste skuleår. Det blir fleire klasser og fleire elevar, så her skal vi jobbe for å gjere Norsk Nettskole enno betre.Noko nytt må vi vel finne på. Kanskje får vi høyre stemmene til kvarandre på PC-en?


Eg seier takk til alle som har vore med, elevar rundt om i verda, foreldra deira og lærarane. Helge fortener også ei skikkeleg takk! Eg har heller ikkje gløymt vertsklassene som har gjort ein flott jobb. Utan slike greie vertsklasser hadde det ikkje gått an å få dette til. Tusen takk til 8. klasse Høgtun, og 6. klasse Hedalen.

God ferie over heile verda!!


Helsing frå

Ståle