globlanytt.jpg (1982 bytes)  Globalnytt 49 - Lederartikkelen      

 

 

Norsk Nettskole

 

Startsida 6. klasse
Startsida 8.kl
Gamle aviser
Globalnytt 49

 

 

Til toppen av sida

Snart jul?

Vi nærmar oss jula. Det er no første søndag i advent.

Her i Volda er det ikkje mykje julestemning, heilt snøfritt og mange varmegrader.

Ståle

Ståle

Men det er vel ikkje noko som hastar så mykje heller. Det er helst i butikkane at dei startar med jula lenge før oss andre.

Eg har kika litt etter jula på internett, men det eg finn er nesten berre tull. Det ser ut til at jula foregår i ein småby i USA med ein feit julenisse som køyrer rundt i ein slede med ei masse reinsdyr framfor.

Denne tjukkasen klatrar ned gjennom pipa og har med seg ei masse gåver. Han spelar gjerne musikk, Jingle bells, eller Rudolf the Rednose Reindeer. Jammen må dei ha store skorsteinspiper i USA!

Slik er i alle fall ikkje den jula som eg veit om. Nissen er ein fyr som luskar rundt i skogen eller på låven. Han likar godt graut, og av og til viser han seg om julekvelden.

Då har han ofte på seg pappa sine sko og frakken liknar veldig på den gamle som heng bakerst i kottet. Men snill er han. Deler ut gåver og greier.

Slike nissar er det alt for lite av på internett!


Helsing frå

Ståle