 Norsk
Samfunnsfag
KRL
Prosjekt
Elever
Lærere
E-post til læreren
Vertsklassen
Vertsskolen
Oppdatert
06. august 1999
|
|
Hovudmomenter i samfunnsfag
for 8. klasse.
Fra Læreplanen L-97
Historie - hovudlinjer frå om lag 1750 og fram til vår
tid
I opplæringa skal elevane
- finne ut korleis Noreg
fekk grunnlova si i 1814 og korleis
grunnlovsvedtaket har påverka utviklinga i
landet vårt. Lære om samanhengar mellom idear
og krav bak den amerikanske fridomskampen, den
franske revolusjonen og den norske grunnlova
- vinne innsikt i
korleis kampen om makt mellom Storting og
regjering førte til parlamentarisme og la
grunnen for dei politiske partia. Lære om kampen
for allmenn røysterett for menn og kvinner, og
framvoksteren og følgjene av arbeidarrørsla og
kvinnerørsla. Bli kjende med hovuddrag ved
utviklinga av dei andre nordiske samfunna
- diskutere idear og
krefter som førte til framvoksteren av nye
nasjonalstatar i Europa, og til oppløysinga av
unionen mellom Noreg og Sverige i 1905.
Undersøkje korleis desse historiske hendingane
har inspirert målarkunst, litteratur, arkitektur
og musikk. Arbeide med omgrepa
fedrelandskjærleik, nasjonal identitet og
nasjonalisme
- gjere seg kjende med
endringane i maktforholda, i næringslivet og i
kvardagslivet som den industrielle revolusjonen
førte med seg, mellom anna for klasseforholda,
utvandring og helse
- finne fram til
grunnleggjande trekk ved og ulike syn på
imperialismen som økonomisk og politisk system.
Reflektere over følgjene av europeisk,
amerikansk og japansk imperialisme
Geografi - ei verd av
likskap og ulikskap
I opplæringa skal eleven
- arbeide med
naturgrunnlaget - jorda som del av universet, dei
indre og ytre kreftene til jorda, rørslene i
luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima
og vegetasjon. Undersøkje korleis ulike landskap
blir danna
- øve seg i å sjå
samanhengar mellom natur og samfunn, utvikle
innsikt i at menneska er avhengige av
naturgrunnlaget og korleis menneska påverkar og
endrar det. Gjere seg kjende med debatten om og
få høve til å avklare eigne haldningar til
desse spørsmåla
- skaffe seg oversyn
over geografiske hovuddrag lokalt og i landet i
det heile. Orientere seg lokalt og arbeide med å
lokalisere dei store viddene, kjende fjell,
innsjøar, elvar, fjordar og brear i Noreg. Øve
seg i å plassere fylka og dei største byane på
kartet
Samfunnskunnskap -
deltaking og styring
I opplæringa skal elevane
- samtale om og vurdere
omgangsformer og åtferdsnormer mellom
jamaldrande og i familie, skule og nærmiljø.
Gjere seg kjende med og drøfte rettar og plikter
for barn og unge. Få røynsle med å planleggje
økonomien sin og styre forbruket sitt
- undersøkje lokalt
lags- og foreiningsarbeid og politisk verksemd i
kommunen. Planleggje og gjennomføre arrangement
basert på reglane for god møteskikk
- gjere seg kjende med
korleis kommunar og fylkeskommunar er
organiserte. Hente informasjon om og drøfte
saker som kommunestyret behandlar, til dømes
vitje eit kommunestyremøte. Utforske arealbruk i
kommunen og følgje ein planprosess
- søkje informasjon om
det lokale arbeidslivet, organisasjonane i
arbeidslivet og ulike forhold som påverkar
arbeidsplassar og næringsliv i lokalsamfunnet
|