![]() |
Prosjektskisse
|
|
Informasjon: Foreldresider Vi lager Norsk nettskole Oppdatert: 06.08.99 |
Denne sida var eit førebuande arbeid skrive våren 1998. Norsk nettskole har sidan utvikla seg. Innhaldet gir difor ikkje eit oppdatert bilete av prosjektet pr i dag.
|
Asynkron fjernundervisning:
Fjernundervisning der lærar og elev er aktive til ulike tider.
Synkronundervisning: Undervisning der lærar og elev er
aktive til same tid, men gjerne på ulike stadar.
Foreldra kan søke om tilskot til kompletterande undervisning i faga Norsk, Samfunnsfag og Kristendomskunnskap med religion- og livssynsorientering.
Privatskulelova paragraf 26: Til norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i Norge eller i utlandet, kan det ytast tilskot til kompletterande undervisning. Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus administrerer undervisninga for grunnskuleelevane i utlandet.
Fjernundervisning som i hovudsak nyttar
internett som hjelpemiddel. Uttrykket nettundervisning har hittil
ikkje vore nytta av undervisningsinstitusjonar på internett,
medan nettskole og skolenettet er nytta av ulike aktørar.
Til toppen
I lovverket er det presisert at norske grunnskuleelevar har rett og plikt til opplæring, og at opplæringa skal skje i nærmiljøet. Slik sett kan det vere ein uting å bygge opp ei eigen fjernundervisning over internett. Tre faktorar gjer likevel fjernundervisning i grunnskulen aktuell:
Norsk nettskole bør vere eit supplement for elevar som elles har dårleg tilgang til norske skulemiljø. Norsk nettskole skal ikkje erstatte utenlandsskulane, undervisning ved internasjonale og utenlandske skular eller undervisninga ved sjukehus, men vere eit supplement til eksisterande ordningar.
Dei 1500 elevane med kompletterande undervisning kan ein dele inn i ulike grupper:
Tida elevane er i utlandet varierer frå korte perioder til fleire år. Det varierer også kor stor kontakt desse elevane har med sine heimeskular i Norge. Nokre har kontakt med ujamne mellomrom med hjelp av brev, telefax eller e-post, andre har ingen kontakt. I ein del høve kan det vere vanskeleg å skaffe kvalifiserte pedagogar til den kompletterande undervisninga i utlandet. I ei nettbasert fjernundervisning vil godt utdanna lærarar stå bak. Gruppe 3 er den viktigaste kategorien elevar med behov for eit fjernundervisningstilbod, men i delar av undervisninga kan alle kategoriar utanlandselevar ha nytte av tilrettelagd fjernundervisning.
Desse elevane fell ikkje nødvendigvis inn under reglane for kompletterande undervisning, men har rett til opplæring under sjukehusopphald. Sjukehusa har rutiner for drift av slik opplæring, men det står igjen å sjå korleis Norsk nettskole kan erstatte delar av opplæringa, og korleis ein kan styrke sambandet med heimen.
Meir om Norsk nettskole, Undervisningsform, fag, utstyr, evaluering m.m.
St. meld. nr. 24 (1993-94) Om informasjonsteknologi i utdanningen skriv i pkt 9.12 Utviklingsarbeid og forskning: Erfaringer fra mange land peker på at den nye teknologien å pner for nye pedagogiske og metodiske perspektiver. Det bør fortsatt være en pedagogisk forsøksvirksomhet for å finne en bedre og mer effektiv måte å integrere IT i undervisningen St.meld. nr 14 og 42 om "Informasjonsteknologi i skole og opplæring" seier følgjande, side 14: "Det er behov for å utvikle spisskompetanse på områder som: nye undervisningsmodeller og metoder, sammenhengen mellom organisasjon og IT, pedagogisk bruk av programvare, nye former for kunnskapsinnsamling, organisasjon og distribusjon, dataassistert fjernundervisning, multimedia i undervisningen.
Eit fjernundervisningsprosjekt for norske grunnskuleelevar i utlandet vil vere med å oppfylle desse måla.
Korleis bruke internett i fjernundervisning av norske grunnskuleelevar i utlandet?
Kor stor del av den totale undervisninga kan dekkast med hjelp av nettskolen, og kor stor del må tradisjonell undervisning framleis ta hand om?
Hovudmålet med forprosjekt Norsk nettskole er å få svar på spørsmåla i problemstillinga. Forprosjektet bør danne grunnlag for eit større prosjekt som kan vurdere opplegg for eit meir komplett fjernundervisningstilbod på grunnskulenivå.
I forprosjektet kan ein få belyst i kor stor grad ein gjennom Norsk nettskole oppnår å
Fjernundervisning for grunnskuleelevar kan utvikle seg i tre ulike retningar der 1. og 3. hypotese er ytterpunkta:
Kanskje vil forprosjektet gi nokre signal om kva for ei av
hypotesene som ligg nermast ei framtidig fornuftig
fjernundervisning. Teknologiske forutsetningar vil vere med å
avgjere dette, men utbreiinga av aktuell brukbar teknologi vil
spele ei større rolle enn muligheitene i dei mest avanserte
IT-hjelpemidla.
Til toppen
Norske skular i utlandet:
Video på bestilling (video on demand): Telenor starta eit pilotforsøk med denne nye tenesta i Oslo sommaren 1996. Nokre private husstandar har fått tilgang til tenesten. I tillegg er fem skular med i prosjektet, tre vidaregå ande skular og to barne- og ungdomsskular. Ved skulestart hausten 1996 var skulane klare for å gjøre seg kjende med tenesta og planlegg korleis dei kan gjere seg nytte av den i undervisninga. Ein av skulane blir kobla til Deichmanske bibliotek. Tanken er at lærarar og bibliotekarar saman kan planlegge ei best muleg utnytting av dei teknologiske hjelpemiddela de har til rådvelde, for elevar og lærarar bå de i og utanfor skuletid. Bandbreidda er for dårleg til å satse på video-on demand i fjernundervisning for elevar i utanlandet i 1998.
Socrates: EU-program for utdannings-samarbeid. 900 skular, 737 prosjekt.
The Netdays Europe 1998: EU-prosjekt som arrangerer eigne nett-dagar for skular i heile Europa 17 til 24 oktober 1998.
Samanlikna med stor utbreiing av fjernundervisning for vaksne
er det lite å finne om fjernundervisning for barn.
Til toppen
Den største bøygen for å kunne gjennomføre nettbaset fjernundervisning for mange av utanlandselevane er dei kommunikasjonsmessige avgrensingane i mange av landa. Utanlandselevar kan ha svært ulik tilgang til IT-hjelpemiddel. Dette oversynet viser korleis ulike hjelpemiddel kan nyttast:
Brevpost: Utveksling av litteratur, lydkassettar, videokassettar og diskettar. Det er framleis mange stadar på jorda der ein ikkje kan basere seg på telenettet, særleg i Afrika. Postsendingar med magnetisk lagra informasjon kan bringast til elevane.
Krav til utstyr for eleven: Video avspelings utstyr, kassettspelar, datautstyr utan tilkobling til nett.
Pedagogiske konsekvensar: Eleven vil i stor grad vere avhengig av eigen lærar på bustaden. Den kommunikasjonen som kan gjerast via brevpost vil gå så sakte at fjernundervisning frå heimlandet i praksis vil vere uaktuelt. Likevel kan magnetisk lagra informasjon (på audio-visuelle opptak og CD-diskar) utgjere eit viktig supplement til den lokale undervisninga. Brevpost vil bli brukt i forprosjektet for å sende videoprogram og CD-plater.
Telefon: Munnleg direkte kontakt. Høg pris på internasjonale samtalar gjer det vanskeleg å basere undervisninga på jamn telefonbruk.
Krav til utstyr for eleven: Telefonlinje med abbonement.
Pedagogiske konsekvensar: Hjelpemiddelet kan ikkje erstatte lokal undervisning, og vil bli brukt lite i forprosjektet.
Telefax: Rask overføring av skriftleg informasjon, og svart/kvitt illustrasjonar. Utanlandstakst på teljarsteg vil gjere løysinga kostbar. Det vil vere dyrt og arbeidskrevjande å faxe til eit stort antal elevar fr å Norge.
Krav til utstyr: Telefax og ei brukbar telefonlinje.
Pedagogiske konsekvensar: Denne løysinga kan vere aktuell for asynkron fjernundervisning for nokre elevar som ikkje har e-post tilgang. T elefax vil bli brukt kun unntaksvis i forprosjektet, i tilfelle e-post skulle svike.
Internett E-post: Rask overføring av digitalisert informasjon, vedlagde bildefilar og lydfilar. Små pedagogiske dataprogram kan også vedleggast e-post. Enkelt og billig for læraren å sende oppgåver til mange elevar.
Krav til utstyr for eleven: Datautstyr tilknytta telenettet. Eigen e-post adresse.
Pedagogiske konsekvensar: Ypperleg hjelpemiddel for asynkron fjernundervisning der ein legg til grunn vekeplanarbeid. Oppgåver som vert sende ut kan gjelde alle fag, elevane kan utføre oppgåvene når det høver for dei, innanfor ein vekefrist, eller ein kan gi kortare tidsfristar for lekser for nokre av faga. E-post blir hovudhjelpemiddelet i forprosjektet.
Internett WWW: Tilgang til informasjon frå det universelle bibliotek.
Krav til utstyr for eleven: Datautstyr, helst pentium med lydkort CD-rom og internettoppkobling, helst ISDN. Internettabbonement.
Pedagogiske konsekvensar: Ein lærar kan legge ut aktuelle forelesingar og arbeidsoppgåver til uendeleg mange elevar. Dette kan gjerast i html som eit undervisningsverktøy. Javaprogrammering gjer det også lettare å legge ut interaktiv pedagogisk programvare. I grupperom (IRC chat) kan elevar frå kvar som helst på kloden samtale skriftleg om arbeidsoppgåver. Internett WWW vil bli svært viktig i forprosjektet.
Tilleggshjelpemiddel:
CD-rom. Elevar som disponerer ei datamaskin vil gjennom CD-rom ha stor tilgang til leksikal og annan informasjon. Dette må læraren kunne utnytte når han lagar oppgåver, og i forprosjektet vil dette bli prøvd ut.
Skulefjernsynsprogram: Undervisningsprogram på video kan sendast med post for eit halvår om gongen. Læraren kan sende spørsmål om innhaldet i videoane, og elevane sender tilbakemelding. Dette vil bli brukt i forprosjektet.
Nett-telefon: Eksisterande teknologi som til dømes Net2Phone gjer det muleg å ringe frå datamaskinen i staden for å bruke eit telefonapparat, du kan nå vanlege telefonnummer i alle land. Kan vere aktuelt å prøve i forprosjektet.
Bildetelefon: Telenor FoU har fleire års erfaring frå forsøk med bruk av bildetelefon i fjernundervisning for voksne. Med bildetelefon er det muleg å ha å pen toveis lyd- og bildeforbindelse mellom to eller flere steder på en enkel ISDN-linje. Med utbyggingen av ISDN både i vårt eget land og i resten av verden, blir bildetelefon bå de lett tilgjengeleg, billeg i bruk og den opnar for synkronundervisning. Med bildetelefon er det muleg å overføre forelesingar over store avstandar. Studentar kan få vegleiing av lærarar langt unna. Lærarar og studentar kan ha faglege diskusjonar utan å møtast, og det er muleg å vise kvarandre gjenstandar i tillegg til foto, illustrasjonar, videoopptak og lydopptak over nettet. Direkte munnleg og bilde-kontakt med hjelp av ISDN telefonlinjer med eigne skjermar, eller PC-basert. Bildetelefon vil ikkje bli brukt i forprosjektet for elevane i utlandet.
Video på bestilling (video on demand): Ei ny teleteneste som vil gjere det muleg å få overført videofilm på ei vanleg telefonline. Filmane ligg lagra på ein database. Dei vert henta og spela direkte i sann tid. Ein film kan stoppast, spolast og kontrollerast på same måte som på ein vanleg videospelar. Skular som vert kopla til denne tenesta vil alltid ha tilgang på alle filmar som lig g i databasen. Dei treng ikkje lenger å kjøpe eller leige videokassetter for å vise film i undervisninga. Dei slepp også problem knytta til kopiering, oppbevaring og handtering av lause videokassettar. Teknologien som blir brukt (ADSL) gjer det muleg å overføre film i ei fart av 1,5 Mbit/s (tilsvarende VHS-kvalitet). Samstundes kan same linje brukast til vanleg telefonering.
Læring er ein naturleg menneskeleg prosess som oppstår overalt der menneske samhandlar med kvarandre og sine omgjevnadar. Fjernundervisning er læringsprosessar med samhandling over store avstandar. Torstein Rekkedal (NKI) har drøfta to ulike tilnærmingar i fjernundervisning:. Det utstrakte klasserom følgjer utviklingsretninga frå brevundervisning og tradisjonell fjernundervisning basert på å gi fleksible tilbod til enkeltstudentar. Multimedia fjernundervisning nyttar teknologien til å "simulere" vanleg undervisning. Den store utfordringa er å utvikle kostnadseffektiv "multimedia" fjernundervisning. Begge retningar har sine spesielle pedagogiske utfordringar, mulegheiter og begrensningar. Norsk nettskole vil ta utgangspunkt i ordinær undervisning, og liknar såleis mest på multimedia fjernundervisning. Når det gjeld denne diskusjonen, viser han til Lauzon & Moore (1989) sin 4-generasjonsmodell som viser utviklinga av fjernundervisning. Asynkron fjernundervisning vert i modellen sett på som fjerde generasjon fjernundervisning, og er høgst aktuell i 1998. Den femte generasjonen med visuell synkronundervisning over datanett er den neste store utfordringa innan fjernundervisning.
Læraren: I ein vid konstruktivistisk definisjon av læraren delast Undervisaren i tre delar:
I Norsk nettskole er internettet media-delen. Den menneskelige lærar-delen kan vere både foreldre, medelevar og ein utdanna lærar. For elevane i Norsk nettskole kan det vere få eller ingen medelevar i fysisk nærleik, og kanskje heller ingen utdanna pedagog. Medan foreldra vil spele ei viktig rolle som undervisarar med fysisk nærvær. Livserfaring vil vere like viktig i Norsk nettskolen som i tradisjonell undervisning.
Læringsprosessen: Ein lærar er ein person som grip inn i læringsprosessen til andre. (Visser, J og Jain, M) Ein kan sjå på prosessen som puff framover som engasjerer, stimulerer, strukturerer og gir entusiasme i individuell og kollektiv læring. Eit slikt syn på lærarrolla i Norsk nettskole gir krav til nettlæraren sitt bruk av internett-mediet. Fast struktur gir tryggheit hos elevane, dei veit kva dei går til, og er trygge på å få kontakt og tilhøyre ei klasse. Denne strukturen vert svært viktig og synleg på nettsidene. Entusiasme er oppgløding og engasjement. Mange ser på internett som eit lite levande medium som kun engasjerer dei nettfrelste. For at alle elevane skal vere engasjerte i Norsk nettskole krev det frodigheit og fantasi, bruk av humor, lydfilar og grafikk. Individualisering av nettundetvisninga må skje ved hjelp av e-post meldingar som gir ei individuell tilpassing av læringsoppgåvene. Ein må rekne med at elevane treng ulik feedback, og i enkelte høve bør kanskje leksa også leggast ut som individuell e-post. Spørsmålet er om Norsk nettskole gjer det muleg å følgje eleven si læring så tett at pedagogen tusen mil unna kan gi dei nødvendige puff i læringsprosessen til alle elevane.
Læringsmiljøet: Kvar foregår læring? Samfunnet sine krafttak for å skape læringsmiljø er for det meste konsentrert kring skulesystemet. Men læring kan finne stad i både formelle som uformelle situasjonar. Det er ikkje ukjent at dei beste læringsmiljøa kan finnast i uformelle omgjevnadar. Dette fordi eleven synest vere meir avslappa og læring som oftast gir større utbytte i relevante sosiokulturelle omgjevnadar. I Norsk nettskole vil ei datamaskin sitt grensesnitt utgjere ein viktig del av lær ingsmiljøet. Med faste skuleoppgåver ved maskina kan dette læringsmiljøet verte både trygt og formelt. Men eleven sin fridom til å velge tidspunkt for læringa kan virke bå de negativt og positivt, men truleg mest positivt for eleven.
Behaviorisme og kognitive retningar. Sjølvsagt er det muleg å legge opp til behavioristiske læringsformer med rett/galt responsar (Skinner) på læraren eller dataprogramma sine stimuli. Typiske drillprogram kan lett nyttast i ein nettskule, og er aktuelle å bruke ved innlæring av faktakunnskap. Slike læringsmiljø stimulerer imidlertid lite til at elevane tek ansvar for eiga læring. Papert (1981) bygg på Piaget sitt kognitive syn på læring. Han bygde programmet LOGO, som var det første gode døme på simuleringsprogram og enkel programmering. Meir moderne simuleringsprogram er aktuelle i grunnskulen, kanskje kan Powersim takast i bruk i samfunnsfag i nettskolen på ungdomsskulenivå?
Konstruktivisme: At eleven konstruerer sin subjektive kunnskap er hovudinnhaldet i konstruktivismen. Drivkrafta for læring er å finne meining og samanheng i tilværet. Jon Holt (1974) kallar dette å tette igjen hol i vår mentale modell av verda. Dette synet legg mykje av ansvaret for læringa over på eleven, det vert viktig med deltakarmedvirkning og demokrati i undervisningsopplegget. Oppgåva til læraren vert tilrettelegging og struktur, pedagogen må legge fram problem som elevane kan samarbeide om å løyse. I Norsk nettskole kan dette samarbeidet gå sakte, berre snakkerom chat-room gir høve til online-kontakt. Problembasert læring kan vere godt egna for opne læringsmiljø som Norsk nettskole er.
Situasjonsbestemt læring: Teoriar om situasjonsbestemt læring (situated learning) vurderer det som viktig at læringa skjer i den samanhengen som eleven har bruk for den. Læringa skjer best om den er forankra i eit fagstoff som er knytt til ein kontekst gjennom autentiske situasjonar ( Brown, Collins, Duguid 1989 ). Slik vil det vere vanskeleg, og svært ulikt frå fagemne til fagemne korleis Norsk nettskole kan legge opp til ei situasjonsbestemt læringsform. Støvsuging eller klebehandling i heimkunnskapsfaget kan ikkje gjerast ved ein dataskjerm, men teoriar kring emna kan formidlast over nettet. Generelt veit vi at stadig fleire yrke vert utført ved dataskjermar, slik vert læring s om skjer ved dataskjermar lik framtidige arbeidssituasjonar.
Open læring: Norsk nettskole vil vere eit såkalla virtuelt klasserom, der elevane ikkje er fysisk tilstades. I open og distribuert læring må tilrettelegging vektleggast, ikkje dosering, fleksibilitet og utforsking vert viktige stikkord for undervisninga. Metaforar som reise, torg og supermarked er typiske for programdesign i opne læringsmiljø.
Norsk nettskole vil gi elevane eit IT-basert læringsmiljø som består av 3 viktige element:
1: Informasjonsutveksling: Distribusjon av læremateriell, Oppgåver/svar, Innsending av øvingsoppgåver, Rettleiing.
2. Samarbeidsforum: Asynkrone diskusjonsgrupper med kollokvier på nettet, Oppslagstavler og diskusjonsforum: Synkrone diskusjonsforum, Praterommet (chat-grupper)
3. Kunnskapsbase: www sine enorme informasjonsmengder, ordinære lærebøker, CD-rom, Videoprogram
Eit fjerde element kan vi kalle dokumentasjon. Kvar elev kan dokumentere si eiga læring gjennom å lage si eigen elektroniske arbeidsbok i html format. Ein må ha tru på at desse elementa er brukbare og tilstrekkelige for å tilrettelegge god nettskole.
Ei stor utfordring i nettskolen for grunnskuleelevar vil vere
å få til ei open og prosjektbasert læring som tek utgangspunkt
i konstruktivistiske teoriar. Web-design blir avgjerande for
tilrettelegginga. Vil læringsmiljøet i Norsk nettskole ha preg
av aktiv elevkreativitet eller lærarpresentasjon med passive
elevar? Hutching (92) viser denne problemstillinga i ei
tredimensjonal kube. Dimensjonane kallar han syntese, deltaking
og kontroll. I Norsk nettskole kan læraren kun ha kontroll
gjennom dei tilbakemeldingane som eleven gir over nettet. Slik
får undervisninga stor grad av elevkontroll. Nettdesign og
læraren sin måte å presentere og tilrettelegge lærestoffet
avgjer korleis dimensjonen syntese slår ut. Når det gjeld
deltaking så kan ikkje eleven sitte passiv i det virtuelle
klasserommet, mediet krev elevaktivitet. Dei pedagogiske
motsetningane finn vi i diagonalen gjennom kuba.
Til toppen
Den 28. april 1998 vart det sendt søknad frå AV-senteret i Volda til KUF om prosjektnidlar til eit forprosjekt for fjernundervisning for norske grunnskuleelevar i utlandet. Det vart den 5/6 1998 halde eit møte i KUF om saka, og den 12. juni mottok AV-senteret eit positivt vedtak. AV-senteret AS (http://www.av-senteret.no) er eit offentleg pedagogisk tenestesenter med fire kommunar som aksjeeigarar. Senteret tilbyr grunnfag i Informasjonsteknologi for lærarar som fjernundervisning over internett, i samarbeid med Høgskulen i Volda. Over 200 studentar har hittill gjennomført IT-studia. I tillegg tilbyr senteret eit rikt utval med NRK skulefjernsynsprogram på video. Senteret har ein engasjert stab med høg kompetanse innan fjernundervisning over internett, og ikkje minst eit rikt fagleg kontaktnett..
AV-senteret kombinerer teknologi og pedagogikk, og har fått mange signal om behovet for nettundervisning for elevar i utlandet. For å gjennomføre eit så omfattande prosjekt som det er søkt om treng AV-senteret ei breidt samansett prosjektgruppe. Gruppa som det er forslag om har medlemar frå:
AV-senteret i Volda blir prosjektansvarleg. Ei arbeidsgruppe samansatt av dei to lærarane og representant for AV-senteret vil drive fram forprosjektet. Høgskulen i Volda, avdeling lærarutdanning bør evaluere prosjektet. NRK undervisningsavdeling er aktuell samarbeidspart.
KUF vil ha ein plan for vidareføring av prosjektet skoleåret 1999/00 med utviding av antal elevar/klasser. Sjølv om prosjektstart er 1. august 1998 var det viktig å få vedtaket før sommarferien. Dette fordi AV-senteret er innstilt på å skaffe vertsklasser, lærarar og utanlandselevar før sommarferien. Slik er det realistisk å kome i gang med forprosjektet skuleåret 1998/99.
Vertsklasser: Det er vurdert som eit fornuftig nivå å starte med 2 klasser i forprosjektet, erfaring både frå barne- og frå ungdomstrinnet er viktig. Småskulen ser vi som lite egna for fjernundervisning, ein har også valt klassetrinn som ikkje er involvert i eksamensavvikling.
6. klasse i Hedalen blir vertsklasse for utvalde norske 6. klasseelevar i utlandet. Klassen har god røynsle med bruk av internett i undervisninga gjennom ulike prosjekt skuleåret 1997/98.
8. klasse ved Høgtun skole, Øksfjord i Finnmark, blir vertsklasse for utvalde norske 8. klasseelevar i utlandet.
Lærarkrefter: I tillegg til god erfaring i grunnskulen, bør nettlærar ha relevant kompetanse i informasjonsteknologi. Arne Heimestøl blir nettlærar for 6. klassen. Julie Bjørnstad blir nettlærar for 8. klassen.
Utval av elevar i utlandet: Nokre frivillige elevar på bestemte klassesteg ulike stadar i utlandet, gjerne elevar med få eller ingen klassevener. Utanlandselevane kan vere spreidd i ulike land og verdsdelar. Kravet for å vere med i Norsk nettskole må vere at dei har ei e-postadresse og relativt jamn tilgang til ei datamaskin som har internett-tilknytning. (minimum 3 gongar i veka bør e-posten og meldingar på nettsidene sjekkast.) Telenettet i landet må vere relativt driftssikkert. Alternativet med satelittbasert telekommunikasjon er førebels litt for dyrt til at ein kan satse på dette. I forsøket er det aktuelt å tilby enkelte av elevplassane til elevar med langtidsopphald på eit norsk sjukehus.
I fjernundervisning skil ein mellom asynkron og synkron undervisning. Synkronundervisning skjer i notid, både lærar og elev er i kontakt til same tid. Den asynkrone undervisninga skjer når det passar for eleven og læraren, innan visse tidsfristar. Norsk nettskole vil ta utgangspunkt i asynkron fjernundervisning og ordinære vekeplanar i reelle grunnskuleklasser i Norge. Elevane i utlandet kan inkluderast i klassen over nettet. Slik blir Norsk nettskole open og fleksibel, og kan minne om høgare utdanningsinstitusjonar som gjer interne studietilbod tilgjengeleg for eksterne studentar. Vekeplanar, lekseplanar og arbeidsoppgåver må leggast tilgjengeleg på nettet, i tillegg går dei ut som e-post til alle elevane. Oppslagstavler og diskusjonsforum på nettet vil gi rom for aktiv elevdeltaking. Prosjektarbeid i grupper på tvers av landegrensene er ei av utfordringane i Norsk nettskole. På dette stadiet vil eg ikkje spesifisere undervisningsform i dei ulike faga, men prosessorientert skriving i norskfaget synest vere ei opplagt arbeidsform.
Ein vil i forprosjektet i hovudsak basere seg på eksisterande utstyr både på skulane i Norge og hos elevane. Det kan vere aktuelt å be ev. firma eller u-hjelpsinstansar som eleven si familie er knytt til om å skaffe naudsynt utstyr for elevar. Utanlandselevane må ha ei eigen (eller familiens) e-post adresse og relativt jamn tilgang til ei datamaskin med CD-rom og internett. Operativsystem og programvaren bør helst vere lik for alle elevane, i alle fall tekstbehandlingsprogram og e-post program. Dei bør også ha tilgang til videospelar. Dei norske vertsklassene bør ha relativt jamn tilgang til internett med ISDN, ca 1 maskin pr 2 elevar. Internett-tilknyting heime vil auke muligheitene i nettundervisninga. Skanner og ev. digitale kamera er praktiske hjelpemiddel som skulane i Norge bør disponere, og sjølvsagt video-spelar.
Skulebøker og anna undervisningsmateriell: Alle elevane i den norske skuleklassen og utanlandselevane må ha tilgang til same læreverk, undervisningsvideoar og CD-rom. AV-senteret kan skaffe relevante undervisningsvideoar og CD-rom, eventuelt skulebøker for utanlandselevane i samarbeid med heimkommunane.
I starten satsar vi på dei tre faga i den kompletterande undervisninga for utanlandselevar; norsk, KRL og samfunnsfag. Det kan vere aktuelt å utvide antal fag i prosjektperioden.
Mykje av nettundervisninga må passordbeskyttast. Med unntak av ein del presentasjonar av klassene og nokre prosjekt bør mykje av undervisninga stengast for innsyn på nettet, dette av personverngrunnar.
AV-senteret i Volda organiserer fjernundervisninga og kan rettleie både dei nettansvarlege lærarane og elevane i utlandet.
Kostnadsoverslag er satt opp i søknaden til KUF, som har bevilga 400 000 for perioden 1.8 - 31.12.98. Ein reknar med at oppstartingsfasen vert ein del dyrare enn drifta utover vinteren. Det er aktuelt med ein avgrensa sum i kompensasjon til elevar/føresette for å vere med i evaluering og litt til dekning av oppkoblingsutgifter. Dersom det er få elevar som har tilgang på utstyr, kan det bli nødvendig å subsidiere dette.
KUF ynskjer at Høgskulen i Volda står for ei evaluering av forprosjektet. Eit muleg verktøy for evaluering kan vere ei "Makvis-analyse", som vurderer nettundervisninga si evne til å leve opp til viktige sider ved den nye læreplanen. Og om korleis ein kan tilrettelegge nettundervisninga for å nå desse prinsippa i læreplanen. Evalueringa bør ta med sosiale og emosjonelle forhold for elevane. Media som vert brukte, tekniske løysingar, programvare, tilrettelegging av internettfunksjonar må også vurderast. Er teknologien god nok, og er den driftssikker? Føresette vert invitert til ei enkel og uformell evaluering undervegs.
Arbeidet med Nettskoleideen har sett i gang ein prosess som involverer mange både innanlands og i utlandet. I tillegg til å vurdere problemstillingar innan pedagogikk og EDB, har det vore nødvendig å arbeide med økonomiske vurderingar og søknadsprosedyrar. Drift av Norsk nettskole krev samarbeid med elevar, føresette, lærarar, EDB-kyndige, byråkratar og fleire. Eit allsidig arbeid. Det tek gjerne lang tid før url-adressa vert kjent hos potensielle brukarar av nettsider. Ei aktiv spreiing av url-adressa i skulerelaterte og andre relevante basar må til før ein kan rekne med at sidene fyller sin funksjon. Det ser ut som nettundervisninga vert spesiell på fleire måtar: Den gjeld for grunnskulen, og den skal dekke heile verda, og den vil møte ulike tekniske føresetnadar hos elevane. Det pedagogiske utgangspunktet er spesielt fordi nokre av deltakarane (vertsskule-elevane) skal halde fram i si vanlege grunnskuleklasse på heimeskulen med sin vanlege lærar, medan elevane i utlandet vil få mykje nytt å forholde seg til. Alle desse faktorane gjer at ein må stille store krav til evalueringa, men ikkje gjere den så omfattande at konklusjonane forsvinn. Det ville vere svært gunstig å knyte ei hovudfagsoppgåve til forsøka med Norsk nettskole, og ein må arbeide for å få til dette. Ein faktor som kan spele ei rolle når ein skal finne elevar til nettundervisninga er at den kompletterande undervisninga er godt innarbeidd hos mange av brukarane. Det er ikkje meininga å ta frå elevar gode ordningar som dei er nøgde med, nettundervisninga skal vere eit tilbod som faktisk skal "komplettere" den kompletterande undervisninga. Eg trur vi vil sjå at tiltaket vil auke samhold, forståing og samarbeid mellom barn i ulike verdsdelar.
Helge Standal, AV-senteret AS